Resultat Världsungdomsspelen 3. - 5. juli i Gøteborg

Postet av Fil Aks-77 den 6. Jul 2015



AKS-77 hadde med 4 deltakarar på Världsungdomsspelen i Gøteborg. Det var Hedda Aasgård(J-14), Andrea Thorsheim(J-14),Linnea Thorsheim(J-12) og Ruben De Jong(G-15). Best plassering fekk Andrea i høyde med ein 3. plass. Ho hoppa 1.64 , som også er ny pers. Andrea persa også i lengde med resultat 5.06. I finalen vart det 5.04 og ein 7. plass. Hadda klarte 46.23 i slegge(3kg) og ein 8. plass.Her konkurrerte ho i J-15 klassen. Ruben er nok litt skuffa etter berre 31.79 i diskos(1.kg). Linnea hadde fine 1.42 i høyde og ein 11. plass. Alle resultata finn ein her.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc